NB! Er du student eller tilsett ved UiT og ønskjer fordelspris, holdar det ikkje berre å betala for parkering via Park Nordic – appen. Du må ha ein aktiv Feide-avtale registrert i appen. Har du ikkje ein aktiv parkeringsavtale, vil du få kontrollavgift sjølv om du betaler for sjølve parkeringa. Hugs å ha ein oppdatert Feideavtale slik at ho er aktiv!
Parkering ved UiT sine områder
Besøkande, tilsette og studentar må betale for å parkere på UiT sine område i Alta, Harstad, Narvik og Tromsø. Det er Park Nordic som har ansvaret for å handheve ordninga, sjå skilt på parkeringsplassane. Er du tilsett i Samskipnaden, Nofima eller andre som har tilhald inne på campus, ta kontakt med dagleg leiar eller tilsvarande i bedrifta di for informasjon om parkering eller kontakt oss på parkering@hjelp.uit.no.
Overskot blir brukt til miljøtiltak. I samsvar med UiTs handlingsplan for miljø skal 80 prosent av netto inntekt frå parkeringsavgifta brukast til grøne tiltak (sykkelparkering, garderobar og anna). Tilsett- og studentlag og foreiningar kan også søkja om midlar til å gjennomføra grøne tiltak, aksjonar, kampanjar eller liknande av midlane.
Ta i bruk ParkNordic-appen
For å få rabatt som student eller tilsett må du ha ein gyldig feide-konto ved UiT. Når du har dette, må du lasta ned parkeringsappen ParkNordic og følgja trinna under første gong du bruker appen.
- Last ned ParkNordic i App Store eller Google Play.
- Registrer deg som bruker.
- Gå inn på «Parkeringsavtale» i app.
- Vel “UiT Norges arktiske universitet ansatt/student”.
- Legg inn brukernavnet ditt i formen 'aaa000' i feltet for FEIDE.
- Les og godta brukarvilkåra.
- Registrer køyretøyet som du ønskjer å knyta til parkeringsavtalen. Dersom du ønskjer å byta bil, må dette gjerast i profilen din.
- Du kan no starta og stoppa parkeringa di. Merk: Du må starta parkeringa kvar gong du parkerer.
NB! Hugs at du frå tid til anna må fornya fordelsavtalen manuellet. Når du gjer dette må du også leggja inn registreringsummeret til køyretøyet på ny.
Start av parkering
Du kan starta parkeringa på to måtar i appen. Du kan velje å betale for ein førehandsbestemt periode, til dømes sju timar. Eller du kan velje «start parkering» når du kjem og «avslutt parkering» når du dreg. Dersom du vel den siste metoden og gløymer å avslutte, vil du belastast for parkering fram til klokka 24.00. Men sidan avgiftsperioden vert avslutta klokka 17.00 vil du belastast 0 kroner per time mellom 17.00 og 24.00.
For dei som ikkje ønskjer å betala via appen kan denne nettsida brukast (gjeld ikkje fordelsparkering). Vel "Tromsø", trykk på relevant område eller takstsone, registrer tid og reg. nummer.
Får du ikkje kontakt i appen når du prøver å starta ei parkering kjem dette oftast av at du er i eit område mellom wifi og mobildata.. Lukk appen heilt og vent til du kjem inn og får full wifidekning, eller skru av wifi og prøv på nytt.
Takstkode
Tromsø har takstkode 6740
Harstad har takstkode 6731
Narvik har takstkode 6732
Alta har takstkode 6733
Prisar
- Fordelsparkering for tilsette og studentar med elbil: 2 kr timen *
- Fordelsparkering for tilsette og studentar med bensin-, disel- eller hybridbil: 5 kr timen
- Ordinær parkering for besøkande og gjestar i Alta, Narvik og Tromsø (tilgjengeleg for alle): 25 kr timen (gjeld også gjestar med elbil)
I Harstad kostar orfinær parkering for besøkande og gjester: 32 kr timen.
* Appen ParkNordic gjenkjenner automatisk skilta på elbilar og regulerer taksten til 2 kroner. Dersom du har el-bil med utanlandske, personlege eller geografiske skilt må du betala vanleg takst. Ladestasjon kostar 15 kroner timen.
Betaling alle kvardagar 07.00–17.00.
Det er gratis å parkere etter klokka 17.00, og da kan òg fordelsplassane for studentar og tilsette nyttast av kven som helst, men berre frem til klokka 24.00.
Det finst nokre eigne skilta p-plassar berre for MC, moped og scooter med to hjul. Desse er gratis og du treng ikkje registrera betaling i appen. Parkerer du på ein vanleg p-plass må du betala.
ATV skal parkera på vanleg parkeringsplass for bil. Parkeringsreglar/-prisar er dei same som for bil både på dei ordinære parkeringsplassane og på fordelsparkeringsplassane for studentar og tilsette.
Parkeringstider
Innkrevjingsperioden vil normalt vera mellom 07.00 og 17.00 på kvardagar. Ettermiddagar og kveld er gratis, og det same gjeld for helgar og heilagdagar. Mindre lokale variasjonar kan finnast, sjekk app eller skilting på staden.
Du kan parkere på dei ordinære plassane (besøksplassane) på natta mellom 24.00 og 07.00, men ver obs på at det kostar 25 kroner i timen frå klokka 07.00. På fordelplassane for studentar og tilsette kan du ikkje parkere på natta (24.00–07.00), mellom anna av omsyn til snørydding og anna vedlikehald. Denne ordninga kan avvika ved enkelte bygg, sjekk alltid skilting på staden før du parkerer over natt.
Kvar kan eg parkera?
Nedanfor kan du finna kart over parkeringsanlegga våre.
På kartet over visast plasseringa av dei standarde parkeringsanlegga, klikk lenker nedanfor for å se andre typar parkering (handikap, elbil, sykkel osv.).
- HC-parkering
- Elbil-parkering
- MC-parkering
- Gjesteparkering
- Sykkelparkering
- Bussholdeplass
- Klikk her for å lasta ned større kart (pdf).
Du finn òg sonekart i appen.
Last changed: 18.06.2025
Printvennlig innhold: Tromsø
Parkering for rørslehemma
For å kunne parkere på HC-plass krevs det ordinær kommunal parkeringsløyve for forflytningshemma. Dei som har HC-kort parkerer gratis.
Kontakt
- Alle spørsmål om parkeringsanlegga på campus kan rettast til parkering@uit.no
- Spørsmål om kontrollavgift, appen, tilsyn, skilting og parkeringautomatar kan rettast til Park Nordic kundeservice på support@parknordic.no, tlf. 21 42 20 00