Åpen vitenskap
Septentrio: UiTs publiseringsteneste
Septentrio Academic Publishing er UiTs publiseringsteneste for redaksjonar og fagmiljø knytt til UiT Noregs arktiske universitet, som ønskjer å gje ut tidsskrift, skriftseriar og anna materiale med open tilgang
Per i dag blir det gitt ut 25 publikasjonar. Tolv av dei er fagfellevurderte tidsskrift godkjent på nivå 1 i Register over vitskaplege publiseringskanalar. Tenesta er gratis for redaksjoname og det er gratis å publisera hos Septentrio – det er ingen publiseringsavgift (APC, Article Processing Charges). Om du har planar om å starta eit tidsskrift/skriftserie eller ønskjer å overføra eit tidsskrift frå ein annan utgjevar til Septentrio, sjå informasjonen i Etablering av tidsskrift og ta gjerne kontakt på epost (septentrio@ub.uit.no) for å diskutera om vår publiseringsteneste kan vera eit aktuelt alternativ for dine behov.
Septentrios tjenesteportefølje:
- publiseringsplattform Open Journal Systems: drift og oppgradering
- opplæring av redaktørar og løpande teknisk støtte
- DOI (Digital Object Identifier) til kvar artikkel
- plagiatsjekk
Septentrio tilbyr også følgjande ikkje-fagfellevurderte seriar for UiT-tilsette og -studenter:
- Faglege rapportar kan sendast til Septentrio Reports; rapportane får då eigen DOI.
- Konferanser som blir halde ved UiT kan bruka Septentrio Conference Series til å publisera konferansemateriell.
- Septentrio Educational er for undervisningsmateriale.
Spørsmål? Kontakt septentrio@ub.uit.no