Arctic blue polygon pattern

Hjelp i søknadsskriving

I takt med utviklinga mot auka openheit i forsking, stiller finansieringskjelder som EU og Norges forskningsråd (NFR) strengare krav om open forsking i sine utlysingar. Når forskarar søkjer finansiering av forskningsprosjekt, er det oftare forventa dei legg fram konkrete planar om ikkje berre open tilgang til publikasjoner, men også om tilgjengeliggjering av data (så opent som mogleg og så lukka som naudsynt). Søkarar blir tilrådde til også å inkludera planar om andre element av open vitskap i sine søknader. Ein kortversjon av kva for krav til open vitskap som gjeld for EU (Horisont Europa) og NFR, er tilgjengelig i to enkle brosjyrar: EU (PDF, engelsk); NFR (PDF, engelsk).

Universitetsbiblioteket tilbyr hjelp med korleis open vitskap kan implementerast i prosjekt, for dei som planlegg å søka om ekstern forskingsfinansiering, og også til dei som nyleg har fått innvilga finansiering der krav til open vitskap inngår. 

Vi bidrar gjerne med råd og rettleiing når det kjem til: 

  • Publisering og tilgjengeliggjering av artiklar i tidsskrift med open tilgang og/eller i pålitelige vitenarkiv; 
  • Open arkivering av forskingsdata (så opent som mogleg – forskningsdatahandtering i tråd med FAIR-prinsippa); 
  • Ytterlegare element av open forskingspraksis (som preprints og open fagfellevurdering). 

Om du har spørsmål om dette, eller du ønskjer å avtala eit møte mellom oss og forskarar ved ditt institutt eller i di forskargruppe, kontakt oss gjerne på forskning@ub.uit.no.

Sist endret: 02.06.2026, endret av: Bror-Magnus S. Strand