Arctic blue polygon pattern

Forskarevaluering

UiT signerte høsten 2016 DORA-erklæringa (The San Francisco Declaration on Research Assessment). Kjerna i DORA-erklæringa er at det er kvaliteten på forskingsarbeider som skal vurderast framfor kva for kanal dei er publisert i. Prinsippa i Dora-erklæringa skal liggja til grunn for all forskingsevaluering ved UiT.

Ved å underskriva DORA-erklæringa har UiT slutta seg til prinsippa og forplikta seg til å følgja dei opp i praksis. UiT skal ved vurderingar av tilsetting eller opprykk til stillingar, ved opptak og bedømming av doktorgrad og ved tildeling av forskningsmidlar og FoU-termin leggja vekt på kvaliteten av forskingsarbeida, relevans og tyding, og ikkje på kvar arbeida er publisert, i tråd med prinsippa i DORA-erklæringa.

DORA-erklæringen gir også tilrådingar til forskarar og oppmodar til å:

  • Leggja større vekt på innhald i forskinga
  • Sitera direkte fra primærkjeldene
  • Bruka flere indikatorar/målepunkt for å visa tydinga av forskinga
  • Forandra kulturen

For mer informasjon sjå tidligere prorektor Kenneth Ruud fortelle om implementering av DORA ved UiT på Munin-konferansen i 2018.

Fakta om DORA

DORA-erklæringa ble offentleggjort i 2012 og tilrår at vurdering av forskningsresultater ikkje bør basera seg på kva for tidsskrifter forskerne har publisert i, men på ein kvalitetsmessig vurdering av innhaldet i artiklane uavhengig av publiseringskanal. Erklæringa er særlig negativ til bruken av Journal Impact Factor ved til dømes tilsettingar i vitskaplege stillingar, opprykk og tildeling av forskingsmidlar. DORA tilrår å vurdera eit breiare spekter av resultat frå forskninga enn vitskaplege artiklar, mellom anna datasett, programvare og påverknad på politikkutforming eller utvikling av praksis.

DORA rettar seg mot forskingsfinansiørar, forskningsutøvande institusjonar, einskildforskarar, vitskaplege forlag og institusjonar som samlar bibliometriske data om forsking. Einskildpersonar og organisasjonar over heile verda har signert DORA. Fleire norske aktører har signert, mellom anna UiT, NTNU, NMBU og Havforskningsinstituttet. Forskingsrådet signerte DORA våren 2018.

Sist endret: 02.06.2026, endret av: Bror-Magnus S. Strand