autumn 2026
VID-6088 Norsk 1 for 5-10 trinn, del 1: Språkdidaktikk - 15 stp

Type of course

Vidareutdanning for lærarar på lågare nivå. Ein kan ikkje ta emnet som enkeltemne.

Admission requirements

Opptakskrav er fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som gjer ein kvalifisert til å arbeide på 5.-10. trinn.

Det er gunstig, men ikkje eit krav for opptak, at deltakarane er tilsette på 5.-10. trinn i grunnskolen. Tilsetting på 5.-10. trinn gjer det mogleg å prøve ut opplegg eins eigen klasse.

Søknad må registrerast på EVU-web ved UiT innan 15. april. Lærare skal ikkje lenger søkje gjennom Udirs søknadssystem.

Emnet blir tilbode med atterhald om tilstrekkeleg talet på kvalifiserte søkjarar.


Course content

Emnet legg vekt desse områda:

Norsk i endring i skrift og tale

Basert på kunnskap om språkhistorie og dagens forhold ser vi på utvikling av mangfaldet i den norske språksituasjonen, og korleis norsk språk blir påverka av det multikulturelle samfunnet. Tema frå sosiolingvistikk og dialektologi vil vise at språk i bruk er språk i endring. Samiske perspektiv i norskfaget er også ein del av denne verkelegheita.

Skriving og tekst

Området omfattar utforsking og drøfting av skriving og tekst i ulike sjangrar, for ulike formål og i ulike fag. Respons i skriveprosessen og vurdering av tekst blir diskutert med utgangspunkt i elevtekstar og studentane sine eigne skriveprosessar. Samanhengen mellom munnlege og skriftlege prosessar blir vektlagt.

Kunnskap om og utforsking av språk

Området omfattar kunnskap om språket som system og språket i bruk, samt evne til å nytte denne kunnskapen i praksis. For å kunne diskutere tekstar, må studentane ha eit omgrepsapparat knytt til ulike sider av grammatikken og tekstgrammatikken.


Objective of the course

Kunnskapar

Studentane skal:

  • ha innsikt i korleis elevar kan vidareutvikle grunnleggande språkferdigheiter og gode skrivestrategiar.
  • ha innsikt i språket si rolle som identitetsmarkør.
  • Ha innsikt i samiske perspektiv i norskfaget.
  • ha innsikt i sidemålsdidaktikk.
  • ha kunnskap om nyare norsk språkhistorie og gjeldande normering av nynorsk og bokmål.
  • ha kunnskap om grammatikk, som system og som reiskap for å analysere og vurdere elevtekstar.

Ferdigheiter

Studentane skal:

  • kunne bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for rettleiing og vurdering.
  • kunne stimulere elevar til variert munnleg og skriftleg bruk av språket.
  • kunne bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa.
  • kunne kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar.
  • kunne skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og leggje til rette for og gjennomføre undervisning på nynorsk.

Kompetanse

Studentane skal:

  • kunne planlegge, grunngi, gjennomføre og vurdere opplæring i norsk i samsvar med læreplanen for grunnskolen og fagdidaktisk forsking.
  • kjenne til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kunne drøfte forskingsetiske problemstillingar.
  • ha innsikt i norskfaget og faget sin historie, og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget.

Language of instruction and examination

Norsk er undervisningsspråk, og skriftlege produkt skal vere på nynorsk

Teaching methods

Emnet er samlingsbasert med inntil tre samlingar à inntil tre dagar. På samlingane vil undervisninga bli lagt opp rundt forelesingar, diskusjonar, obligatoriske munnlege framføringar og rettleiing knytt til obligatorisk arbeid. Mellom samlingane må studentane rekne med å bruke mykje tid til individuelt arbeid og i grupper.

Gjennom heile emnet blir det lagt opp til at studentane som har moglegheit til det, kan utvikle fagleg kunnskap og forståing, språklege ferdigheiter og fagdidaktisk kompetanse gjennom praksis i eigne klasserom.


Schedule

Eksamen

Vurderingsform: Varighet: Karakterskala:
Hjemmeeksamen 3 Dager A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Tilstrekkelig deltakelse på samlinger Godkjent – ikke godkjent
Innlevering med respons Godkjent – ikke godkjent
Muntlig gruppepresentasjon Godkjent – ikke godkjent
To notat Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

More info about the coursework requirements

Det skal være minst 80% deltaking på samlingene.

Re-sit examination

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.
  • Earlier years and semesters for this topic