Korleis handtere tryggingstruslar?
Det er tema når sørafrikanske Louis og Shelvin møter norske Simon og Jasmine på sommarskule denne veka.

Denne veka er UiT vertskap for sommarskolen GLOBESEC der deltakerane lærer korleis ulike land handterer tryggingstruslar som klimaendringar, cybersikkerheit og migrasjon.
Ti studentar har kommet heilt frå militærakademiet ved Stellenbosch University i Sør-Afrika, og ein av dei er phd-studenten Louis du Toit:
– Dette er ei stor oppleving! Eg lærer mykje om internasjonal håndtering av risiko som eg kan bruke i forskinga mi, seier han.
Trua dyr blir handtert ulikt
På kurset, som i fjor vart arrangert i Sør-Afrika, er det tett program med både forelesningar, utflukt og gruppearbeid.
Louis og Shelvin si gruppe samanliknar nasjonale strategiar for å bevare trua dyreartar.
– Vi analyserer korleis Sør-Afrika jobbar med å bevare neshorn, samanlikna med Polen sitt arbeid for å bevare bison, fortel Shelvin Mashao.
– Målet er å vurdere kor effektive strategiane er og foreslå forbetringar, sier han.
Ser annleis på terrorisme
Også dei norske studentane er svært fornøgde.
– Vi byter kunnskap – det er fantastisk, seier Jasmine Ludvigsen, som skal byrje på ein master i freds- og konflikttransformasjon.
Simon Omnes, som studerer samfunnssikkerheit, meiner det er verdifullt å få perspektiv frå andre sida av verda.
– For eksempel er deira forhold til terrorisme ganske annleis enn vårt. I Noreg er vi opptekne av terrorangrep, medan Sør-Afrika ikkje har hatt slike angrep sidan apartheid, seier han.
– Dei fokuserer meir på sosiale utfordringar som økonomi, gjengvald og framandfrykt, forklarar han.

Får sjå rasrisiko på nært hald
I slutten av uka går turen til Kåfjord og det ustabile Nordnesfjellet, der eit skred kan gå når som helt og utløyse ein tsunami.
Der får studentane sjå korleis lokal beredskap fungerer i praksis, og dei får helse på ein lokal innbyggjar, Odd Erling, som lever med trusselen om steinras og flaum.
– Eg ser fram til å dra ut av byen, sjå skredbarrierane og oppleve naturen med eigne auge, seier Louis.
Får innsikt dei kan bruke
Når skulen avsluttast fredag, sit studentane igjen med ny innsikt i korleis ein kan handtere tryggingsrisikoane vi står overfor – både lokalt og globalt.
Shelvin ønskjer derfor å sende ei spesiell takk til forelesarane som har vore svært informative. I tillegg helser han til dei andre studentane:
– Dei har vore svært gjestfrie, og det har gjort opplevinga endå betre, seier han.