9 nye leiarar til UiT

Universitetsstyret bestemde i dag kven som skal få tilbod om ei rekkje leiarstillingar ved UiT.

Montasje av portrett av ni personar.
De nye leiarane ved UiT: Øverst f.v: Jonas Stein, Gunbjørg Svineng og Bente Haug. Midten f.v: Anne Britt Flemmen, Vidar Sørum og Kristine H. Korsnes. Nederst f.v.: Bjørn R. Sørensen, Lena Aarekol og Bjørn-Morten Batalden. Photo: UiT
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Published: 15.10.25 13:30 Updated: 15.10.25 13:31
Om UiT

Styret ved UiT Noregs arktiske universitet vedtok i dag tilsettingar for 2 viserektorar, 6 dekanar og ein direktør. Alle dei nye leiarane er tilbydd stillingane som åremål i fire år, frå 1.1.2026 til 31.12.2029.

Her er dei nye leiarane:

Viserektorar

Bente Haug: viserektor for region og samfunn

Jonas Stein: viserektor for formidling

Dekanar og direktørar

Gunbjørg Svineng: dekan ved Det helsevitskaplege fakultet (Helsefak).

Kristine H. Korsnes: dekan ved Det juridiske fakultet (Jurfak).

Vidar Sørum: dekan ved Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak).

Anne Britt Flemmen: dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak).

Bjørn R. Sørensen: dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-fak).

Bjørn-Morten Batalden: dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak).

Lena Aarekol: direktør ved Noregs arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK).

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Published: 15.10.25 13:30 Updated: 15.10.25 13:31
Om UiT
Latest news from UiT