Dei tester eksamen for framtida
12 pilotemne skal i haust teste ut korleis vi best kan vurdere studentane sitt læringsutbytte i møte med ei ny tid.
Etter at kunstig intelligens (KI) og språkmodellar som ChatGPT blei allemannseige, har eit spørsmål pressa seg fram: Korleis skal ein vurdere oppgåver og eksamenar i framtida?
Akkurat dette er temaet for eit samla initiativ for alle einingar ved UiT, som skal prøve ut nye former for å vurdere studenten sitt læringsutbytte i utdanninga.
Prosjektet har fått namnet «Nye vurderingsformer» og involverer fem av sju fakultet ved UiT, aktørar innan kunnskapssektoren og andre universitet i inn- og utland.
– Det har vore ei aukande bekymring blant meg og mange av kollegane mine om KI-genererte oppgåver. Dette har ført til at mange presser på for å gå over til skoleeksamen, fortel Cathrine Larsen Svihus.
Ho er førsteamanuensis ved Handelshøgskolen ved UiT i Alta og er med i ein av pilotane som skal utforske nye vurderingsformer.

Vil nytte KI til å identifisere fusk
Svihus undervisar i emnet Organisasjonsteori og leiing, som går som nettstudium. Vurderinga i emnet skjer gjennom ei semesteroppgåve som fungerer som heimeeksamen.
For å kunne levere oppgåva må studentane ha fått godkjent eit obligatorisk arbeidskrav. Semesteroppgåva har fastsette formelle krav som skal sikre at teksten ikkje blir utforma av KI, men representerer studenten sitt eige faglege arbeid.
Om prosjektet
- Prosjektet starta 1. februar 2025 og varar til 31. januar 2026.
- Målet er å utvikle, teste og ta i bruk nye måtar å vurdere studentane sin kunnskap på.
- 8. oktober blei piloteringsfasen sparka i gang. Den går i haust.
- 21 emner melde interesse for å vere med. Av desse blei 12 pilotar frå 5 ulike fakultet vald ut.
- Dei 12 pilotane er fordelt på fire ulike campus og inkluderer emner med fysisk undervising og nettundervising. Talet studentar varierar, frå 8 til 1000.
- Pilotane høyrer til Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi, Det helsevitskapelege fakultet, Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi og Det juridiske fakultet.
Prosjektet støttast av eit tverrfagleg ressursteam, og har ei referansegruppe med deltakarar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Oslo, Høyskolen Kristiania, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Centre for Research in Assessment and Digital Learning ved Deakin University, Lunds universitet, OsloMet og Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør.
Sjølv meiner Svihus at innføring av skoleeksamen ikkje er einaste vegen å gå for å hindre at studentane bruker kunstig intelligens til å skrive oppgåvene for seg.
– Eg synest dette er eit tilbakesteg, og ønsker å finne ei løysing der vi kan dra nytte av KI, medan vi sikrar akademisk integritet, seier Svihus.
I piloten Svihus deltek i, er dei i ein prosess der dei jobbar med andre einingar for å sjå om det er mogleg å få kunstig intelligens inn som ein assistent til å grov-vurdere oppgåver, før ein sensor går gjennom og kvalitetssikrar oppgåva.
Om dette lar seg gjere, vil i så fall ein KI-modell også gå gjennom oppgåva og gi ei vurdering på kor vidt den er skrive av KI eller ikkje.
– Oppgåver som får ein høg prosentskår på KI-skrive oppgåve, vil bli tilbode ei munnleg prøve, der sensor kan kvalitetssjekke om kandidaten møter dei forventa måla for læringsutbytte, eller om oppgåva blir sendt vidare til fusk basert på at kandidaten ikkje har skrive oppåva sjølv, forklarar Svihus.
Vil ivareta studentar og tilsette
Svihus er opptatt av å ivareta studentane, men også kollegaene som er bekymra for KI-skrive oppgåver, og for at ei høgare utdanning frå universitet eller høgskole framleis skal halde den integriteten den gjorde før KI kom på bana.

Arbeidet med piloten har bringa opp nye spørsmål, og dei har også hjelp av ein jurist.
– Ettersom vegen blir til medan vi går, har spørsmåla om kva fusk eigentleg er, komme opp. Lovverket er berre ein del av denne, og det har blitt lagt mykje ansvar på fagtilsette om kva som blir kategorisert som fusk i emna deira, forklarar Svihus.

Har stor tru på pilotane
Onsdag 8. oktober blei pilotfasen sparka i gang med ein kick-off i Tromsø. Dei 12 utvalde pilotane møttest og delte sine tankar om jobben dei har framfor seg.
Prosjektleiar Torill Sommerlund fortel om engasjerte og dedikerte pilotar med både felles utfordringar og unike problemstillingar.
Ho meiner dei vil gi verdifull erfaring, som kan danne grunnlaget for vidare anbefalingar for arbeidet i alle utdanningane ved UiT.
– Vi har stor tru på at pilotane, saman med det tverrfaglege ressursteamet, vil få til å prøve ut vurderingsformer som fleire ved UiT kan dra nytte av med kvart, seier Sommerlund.
Dette skal pilotane sjå på
Gjennom hausten skal dei 12 pilotane teste ut og utforske
- KI-generert tilbakemelding, VR-briller og video i vurderingsarbeid.
- lukka løysing på heimeeksamen utan hjelpemidlar, ved å bruke KI som ei slags eksamensvakt og til å identifisere KI-generert tekst, samt gjennomføring av ein stor munnleg digital eksamen i Teams.
- å bruke KI i vurdering, for å kunne behalde vurderingsformer som heimeeksamen og semesteroppgåver.
Les meir på nettsida til prosjektet.
Viktig å tenke nytt med ei verd i endring
Prorektor for utdanning, Rikke Gürgens Gjærum, peikar på at verda er i endring, og at det er essensielt å tenke nytt rundt undervising og vurdering i møte med kunstig intelligens.
– Det er krevjande, men viktig. Vi må sørge for at studentane og omgivnadene framleis har tillit til at UiT vurderer studentane sitt læringsutbytte på ein god måte, seier Gjærum.
For universitetet er det derfor bra å utvikle, teste ut og implementere nye vurderingsformer.
– For våre tilsette som no testar ut 12 ulike pilotar, er dette viktig læring som kan overførast til andre, både på UiT og til andre universitet.
