Parkering ved universitetet

PARKING IN TROMSØ
Flag icon

På UiT sine område vert det i hovudsak tilbode to typar parkering:

  • Ordinær parkering (besøksparkering). Denne kan brukast av alle. 
  • Fordelsparkering for studentar og tilsette. Denne kan berre nyttast av dei som er registrert som studentar og tilsette ved UiT og som har bekrefta si tilhøyring til UiT via Feide.
  • Studentar må ha betalt semesteravgift for å nytte fordelsparkering, og må fornye løyve årleg.
  • Mobilar registrert i eit anna land enn Noreg må bytte sone for å kunne bruke appen. Dersom du ikkje vil bytte sone kan du betale på nett (men ikkje om du brukar Internet explorer som nettlesar).
  • Fordelsparkering gir tilgang til å parkere ved alle p-plasser ved UiT unntatt områder skiltet med gul eller rød p-tillatelse.
  • Brukarveiledning for tilsette og studentar og brukarveiledning for besøkjande

Korleis betale


kartet visast plasseringa av dei ulike parkeringsanlegga.

Klikk her for å laste ned større kart

Det er privatrettslig parkering på UiT campus Breivika

  • Besøkande, tilsette og studentar må betale for å parkere på UiT sine område
  • UiT bestemmer sjølv korleis parkering skal skje
  • Apcoa har ansvaret for å handheve ordninga
  • UiT kan leggje til, fjerne og endre p-plassar utan tillating frå skiltmyndigheit/Tromsø kommune

Prisar

  • Tilsette og studentar med elbil: 2 kr timen
  • Tilsette og studentar med ordinær bil: 5 kr timen
  • Besøkande og gjestar: 25 kr timen (gjeld også gjestar med elbil)

Betaling alle kvardagar 07.00 - 17.00.

HC-parkering

For å kunne parkere på HC-plass krev UiT bevis stedd ut av Tromsø kommune. HC-plassene følgjer same prissystem som andre UiT-plassar.

Korleis registrere deg som brukar i APCOA Flow

  1. Last ned APCOA FLOW i App Store eller Google Play. Du kan også få tilgang til løysinga via mobilparkering.com.
  2. Opprett brukarprofil ved å fylle inn informasjon og les/godta brukarvilkår.
  3. Du vil få ein SMS for verifiseringskode. Tast inn kode og bekreft.
  4. Du er no registrert!

Korleis registrere Fordelsparkering for UiT med Feide

  1. Gå inn på «Fordelsparkering» i hovudmenyen, enten i app eller mobilparkering.com, og registrer fordelsparkeringa di for UiT.
  2. Les og godta UiT sine brukarvilkår.
  3. Registrer køyretøyet ditt som du ønskjer å knytte til Fordelsparkering. Dersom du ønskjer å bytte bil, må dette gjerast i profilen din under «køyretøy».
  4. Du blir sendt vidare til FEIDE for innlogging.
  5. Fordelsparkeringa blir fullført ved at FEIDE-ID blir knytta til profilen til brukaren.
  6. Registreringa av Fordelsparkering er fullført.
  7. Du kan no starte og stoppe parkeringa di!

Merk: Du må starte parkeringa kvar gong du parkerer.

Har du innspill til hva UiT skal bruke parkeringskronene til? Nå kan du sende inn ditt forslag for eit grønnere UiT

Parkeringssonar frå 1. mai

Breivika

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6740 (Gjeld óg for el-bil)
Besøkjande: takstkode 6739

Ladeplasser for studentar og tilsette med el- eller hybridbil: takstkode 6766

Tromsø Museum

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6742

Mellomvegen 110

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6743
Besøkjande: takstkode 6743

Nordlysobservatoriet

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6750

Musikkonservatoriet

Fordelsparkering for studentar og tilsette: takstkode 6733

Parkering på plassar skilta «reservert parkering gul eller raud sone» 

Parkering med gul p-tillatelse – Ved driftssentralen og ved BFE

Gul sone ved driftssentralen
Gul sone ved driftssentralen, klikk for større versjon
Gul sone ved BFE
Gul sone ved BFE, klikk for større versjon

Tilsette i bedrifter lokalisert på campus Breivika

Det visast til kvar enkelt bedrift for informasjon om parkeringsmoglegheiter. 

Motorsykkel (MC), moped og scooter

  • Parkerer kun gratis på skilta MC-plassar. 
  • MC-plassar er berre for MC, moped og scooter med to hjul
  • Treng ikkje å registrere seg i appen Apcoa Flow for å parkere på skilta MC-plassar

ATV

ATV skal parkere på vanleg parkeringsplass for bil. Parkeringsreglar/-prisar er dei same som for bil både på dei ordinære parkeringsplassane og på fordelparkeringsplassane for studentar og tilsette. Berre studentar og tilsette som har oppdatert informasjon i app eller på nett kan parkere ATV på fordelsparkeringsplassane for studentar og tilsette. 

Presse

Det er eigne parkeringsplassar for presse. Pressekort delast ut av Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt i administrasjonsbygget.

Kontakt

Alle spørsmål om parkeringsanlegga på campus kan rettast til parkering@uit.no.

Alle spørsmål om kontrollavgift, skilting og parkeringsautomatar rettast til Apcoa parkering.


PARKING IN ALTA

For å få parkeringstillating må du henta parkeringskort på Servicetorget. Vi deler ut kort til studentar og tilsette for heile studieåret og dessutan dags/vekeskort til våre besøkande. 
Tilsette og studentar må kontakta Servicetorget ved campus i Alta for å få skrive ut parkeringskort. Hugs å ta med:

  • Gyldig student/tilsettkort
  • Vognkort på bilen

Parkeringssoner i Alta Foto: xxx

Vilkår for parkering

Området håndheves etter privatrettslige regler samt parkeringsforskriften av 16. mars 2016 nr. 260, kap. 3, 8 og 9. Fører aksepterer de skiltede parkeringsvilkår ved hensettelse av kjøretøy, selv om føreren ikke forlater det.

  1. Parkering i sone 2-7 er kun tillatt med gyldig parkeringskort.
  2. Parkering i sone 1 er kun tillatt med gyldig parkeringskort mandag-fredag 07:00 -15:00
  3. Parkering i sone 1 er tillatt uten parkeringskort mandag - fredag 15:00 - 24:00 lørdag - søndag 08:00 - 24:00
  4. Parkeringsplassen kan bli midlertidig stengt og fører må innrette seg etter dette.
  5. Parkeringskort utstedes ved Servicetorget på UiT Norges arktiske universitet.
  6. Parkering er kun tillatt for registret motorvogn. Med motorvogn menes i disse vilkår også tilhenger til motorvogn
  7. Maksimal parkeringstid sammenhengende er 24 timer.
  8. Parkeringskort kan inndras eller gjøres ugyldig uten varsel ved brudd på betingelsene for tildeling av parkeringskort.

Fører plikter

  1. Parkering må skje i tråd med oppmerking/skilting. Fører har undersøkelsesplikt.
  2. Parkeringskortet skal plasseres innenfor frontruten på motorvognen slik at det utenfra er lett å kontrollere.

Sanksjoner ved brudd på førers plikter

Ved parkering i strid med førers plikter utstedes normalt en kontrollsanksjon på kr 600.
Feilparkerte kjøretøy kan om nødvendig fjernes for eier/føres regning(§ 38). Spørsmål vedrørende kontrollsanksjoner og fjerning av motorvogn kan rettes til driftsoperatør.

Klage

Utstedt kontrollsanksjon eller påførte kostnader ved fjerning kan påklages til driftsoperatør innen 3 uker fra ilagt dato (§ 44). Mer informasjon og klageskjema finnes på den ilagte sanksjonen og på våre hjemmesider www.alta.kommune.no

Driftsoperatør: Alta kommune, Sandfallveien 1, PB 1403, 9506 Alta, tlf 78 45 50 00


PARKING IN HARSTAD

UiT Harstad har parkeringsplass for studenter og ansatte mot avgift. Her gjelder prinsippet «først til mølla». Les skilting på parkeringsplassen nøye.

02. juli 2018:

Fra og med 1. juli er ordningen for parkering for ansatte og studenter endret ved campus Harstad.

Først vil parkeringen være avgiftsfri for ansatte og studenter i juli måned og litt inn i august; det forutsetter at du har registrert deg på https://parkering.uit.no/   Siden er intern og nås fra UiT eller via vpn-tjener.

 

Fra onsdag 15. august trer ny ordning i kraft.

-        Du trenger ikke parkeringskort, dette kan du kaste.
-        Du validerer deg som ansatt eller student ved å registrere deg på https://parkering.uit.no/ , dette gjør at du kan parkere i sone 6731 som er fordelsparkering for ansatte og studenter. På parkeringssiden kan du legge inn to kjøretøy, pluss et midlertidig kjøretøy dersom du f.eks har leiebil i perioder. Du kan endre dine data så ofte du har behov for.
-        For å betale må du benytte appen til Europark eller du kan bruke Europark sin betalingsløsning på nett fra PC dersom du ikke har smarttelefon. (Easypark-appen kan ikke benyttes for fordelsparkering, kun av besøkende)
-        Prisen vil ikke lenger være per dag men per time, og timesprisen blir kr 3,- per time mellom kl 08 og 16.
-        Gjesteforelesere og andre som er besøk på campus og ikke har brukernavn og passord i AD vil ikke lengere kunne få gratis parkering, det henvises til billettautomat på parkeringsplassen som i ny ordning kun vil kunne brukes av besøkende.
-        El-biler parkerer avgiftsfritt forutsatt at kjøretøyet er registrert på Din parkeringsprofil (fører skal ikke starte appen)
-        Det vil ikke lenger være mulig å kjøpe månedskort eller lignende, man må betale per dag man benytter bil til arbeids-/studiested
-        80% av inntektene på parkeringsavgift går direkte til miljøretta tiltak (eks. sykkelparkering, garderobeanlegg, lignende)
-        Har du spørsmål eller opplever problemer – kontakt oss på parkering@uit.no
-        Europark håndhever ordningen
-        Det må påregnes mindre endringer i oppstartsfasen

 


FAQ - OFTEN ASKED QUESTIONS

1. Korleis betaler eg?

Du lastar ned app’en frå App store eller Google play og følgjer instruksjonane der, eller du kan bruke betalingsløysing på nett.

2. Korleis veit Apcoa at eg er tilsett eller student?

Du registrerer deg og bilen sitt registreringsnummer på mobilparkering.com . Du bekreftar di tilhøyring til UiT ved å hjelp av Feide.

3. Kva kostar det å parkere? 

Ordinær parkering (besøksparkering, tilgjengeleg for alle) kostar 25 kroner i timen, medan fordelsparkering for studentar og tilsette kostar fem kroner i timen med bensin-, disel- eller hybridbil, og to kroner i timen for el-bil. Det er gratis å parkere etter klokka 17, og da kan òg fordelsplassane for studentar og tilsette nyttast av kven som helst, men berre frem til klokka 23.
Ladestasjonar for el-bil kostar 15 kroner timen.

4 . Kan eg stå parkert om natta?
Du kan parkere på dei ordinære plassane (besøksplassane) på natta mellom 23 og 07, men ver obs på at det kostar 25 kroner i timen frå klokka 07. På fordelplassane for studentar og tilsette kan du ikkje parkere på natta (23-06), mellom anna av omsyn til snørydding.

5. Eg er besøkande ved UiT, kva gjeld for meg?

Som besøkande kan du betale med app eller på parkeringsautomat på dei ordinære parkeringsplassane.

6. Kor mange parkeringsplassar finst det?

På grunn av dei pågåande byggearbeida i Breivika vil mengda tilgjengelege parkeringsplassar variere dei neste to åra. Det vil vere om lag 200 ordinære parkeringsplassar og 1100 fordelplassar for studentar og tilsette. I framtida vil parkeringsnorma til Tromsø kommune regulere kor mange plassar det totalt kan vere i Breivika.

7. Korleis vert reglane handheva?

Det er Apcoa parkering som handhevar reglane, sjå skilt på parkeringsplassane.

8.  Vil det vere ledige plassar uansett når eg kjem på dagen?

Det er eit mål at det alltid skal vere ledig parkering på dei ordinære parkeringsplassane (besøksparkeringa). Desse er tilgjengelege for alle, men kostar 25 kroner i timen mellom 07 og 17. Når det gjeld fordelsparkeringer for studentar og tilsette er det forventa at færre vil køyre bil etter innføringa av p-avgifta, men dette er vanskeleg å føreseie. 

9.  Hvor mange handikapplassar er det?

Det er cirka 20 parkeringsplassar for rørslehemma på campus. Plassane er markert på parkeringskartet med raudt symbol.

10.  Eg må køyre bil til campus på grunn av lang reiseveg eller andre grunnar. Er det nokon særordningar for meg?

Nei, prisen er sett lågt for alle tilsette og studentar på fordelsparkeringa for å unngå store administrasjonskostnader. Det skal vere likt tilgjenge for alle, med unntak av dei som har handikapkort.

11.  Kvar skal eg setje sykkelen min?

Det er fleire sykkelparkeringer i Breivika. Mellom anna sykkelparkering under tak ovanfor Øvre lysthus, sykkelskur ved Modulbygget og sykkelskur / sykkelparkering ovanfor MH-bygget. Utanom dette finst det mange sykkelstativ rundt om på heile campus.

12.  Kvar kan eg setje motorsykkelen/mopeden/scooteren?

Det vert oppretta ei mengd eigne plassar for MC og moped/scooter. Desse vil vere gratis. Dersom du parkerer på fordelplassane for studentar og tilsette skal køyretøyet registrerast, og du må betala fordelpris på 5 kroner i timen. Parkerer du på ordinær parkeringsplass (besøksparkering) treng du ikkje å registrere køyretøyet, men prisen er 25 kroner timen. OBS: ATV vert rekna som vanleg bil. Berre køyretøy med to hjul kan nytta plassar reservert for MC og moped/scooter.

13.  Kvar kan eg setje el-bilen min?

El-bil betalar to kroner timen på fordelsplassane for studentar og tilsette. Appen Flow gjenkjenner automatisk skiltane og regulerer taksten i sone 6740 til 2 kroner. Dersom du har el-bil med utenlandsk eller personlige skilt må du betale vanlig takst.

For å nytte seg av ladestasjon må ein betale 15 kroner timen, se takstsone på skiltene.

14.  Gjeld betalinga alle studiestadene i Tromsø?

Ja, fra og med 1. mai vert det avgift på alle studiestadene i Tromsø.

15.  Vil busstilbodet bli betre?

Troms fylkeskommune er i ferd med å revidere heile kollektivtrafikksystemet for Tromsø, og har òg vorte tildelt 260 millionar fordelt over fire år i såkalla påskjønningssmidlar frå Staten. I samband med det er det naturleg at òg kollektivtilbodet til UNN og UiT vert tilgodesett.

16. Kva skal pengane frå parkeringsavgifta bli brukt til?

80 prosent skal gå til miljøretta tiltak på campus. Det betyr betre sykkelparkering, sykkel- og gangfelt, betre av- og påstigingsmoglegheiter, forlenga trasear for syklande og gåande. Her er nokre eksempla på kva midlane har blitt brukt til

17.  Kvifor vert det avgift?

Avgiftsparkering er normalt i pressområde. Universitetsstyret har vedteke å innføre avgiftsparkering mellom anna fordi presset på parkeringsplassane er stort. Det er vanskeleg for besøkande å finne ledige parkeringsplassar i Breivika etter eit gjeve tidspunkt. Å auka mengda ordinære plassar (besøksplassar) vil hjelpe på. UiT har òg som mål å ha ein så miljøvenlig drift som mogleg, og belaste det ytre miljøet i minst grad. Avgiftsparkering er eit velkjent verkemiddel for å nå dette målet. 

18.  Kva skjer om eg gløymer å avslutte den løpande parkeringa min ein dag?

Du kan starte parkeringa på to måtar i appen. Du kan velje å betale for ei førehandsbestmt mengd timar/minutt, til dømes sju timar. Eller du kan velje «start parkering» når du kjem og «avslutt parkering» når du dreg. Dersom du vel den siste metoden og gløymer å avslutte, vil du belastast for parkering fram til klokka 24. Men sidan avgiftsperioden vert avslutta klokka avslutta 17 vil du belastast 0 kroner per time mellom 17 og 24. 

19.  Kan tilsette ved UiT som jobbar ved andre lokalitetar enn campus Tromsø i Breivika krevje å få refundert parkeringsavgift? 

Nei. I samband med innføringa av parkeringsavgift ved UiT må alle som parkerer på dei avgiftsbelagde parkeringsplassane ved universitetet betale avgift. Ordninga er i tråd med miljøplanen til universitetet, som mellom anna  har som mål at tilsette og studentar skal redusere bruk av privatbil og i større grad reise kollektivt, og dessutan leggje til rette for auka bruk av videokonferansar og telefonmøte.



Spørsmål