Undersøking av gardshaug på Vassvik i Hadsel
Periode: Middelalder
Type: Utgravning
Sted: Hadsel, Nordland
Les rapporten:
Deler av gardshaugen på Vassvik i Hadsel vart undersøkt av Universitetsmuseet tidsrommet 18.09.23 – 06.10.23. Det vart åpna to mindre område, eitt på nord-sida og eitt på sør-sida av noverande hovedhus på eigedomen, som til saman målte 33,6 m2. Av dette blei ca. 5,5 m2 detaljert undersøkt. Det vart dokumentert inntil 90 cm tjukke kulturlag, og funne kleber, jern, bein, tre, keramikk og lær. Funna gjenspeiler mange ulike typar aktivitetar, med noko ulik fordeling på dei to undersøkte områda. Eldste datering ligg til 1028 – 1152 og yngste til 1643 – 1797. Det er eit tydeleg opphør i busetjing på 1300-talet. Busetjinga har ei god plassering i forhold til utnytting av naturressursar, gardsdrift, fiske og hendelsnettverk/ferdselsveg.